Heilt der nede finn ein den staden. Den vakre staden dei kallar Øystese.
Det har seg sånn at når vêret er fint så er det så mykje som vert vakkert. Eg skulle så gjerne vise det rettferd når eg syner vidare noko av det eg har sett, men av og til let det seg berre ikkje gjera. Eg drøymer om at nokon skal få augo opp for noko av det som verkeleg fekk mine til å opna seg, at ein ein gong skal sukke og forstå eit under, sjå eit glimt av det vakre som er skapt. Eg tek meg sjølv i å stoppe, i å sjå, i å undre meg, og berre grunne på kjensla av venleik og sanning. Det er så ekte, så ljost og spanande det som er framføre meg, likevel ser eg det ofte ikkje for berre mørkre.
kos
Meg med snø i håret.



























