onsdag 22. desember 2010

Gud:

"Eg er ikkje liten, men eg jobbar først og fremst i det små. Fordi du er liten, passar du perfekt inn der eg jobbar."

"Johanna, det er ikkje så ofte nokon spør meg om dette. Men det er noko anna du heller vil ha svar på, kvifor spør du meg ikkje om det!?"

"Du ber meg om noko du trur eg ikkje kjem til å gi deg. Du veit korleis ting ikkje skjer av seg sjølv? Vel, av og til gjer dei det, men ikkje nødvendigvis dei tinga du ser etter. Men for meg er det godt å vera nær Gud. Eg tek mi tilflukt til Herren. Eg vil vitna om alle dine gjerningar. Salme 73,28"


Illustrasjonsfoto.


Berre nokre bilete. Random. 


Av og til skriv eg bønene og tankane mine i staden for å berre be dei inni meg, eller ut i det som så ofte føles som ingenting. Det er ein fin ting. Etterpå skriv eg ned svaret eg får. Då er det nesten som om pennen går av seg sjølv, og eg tenkjer ikkje ein gong på kva eg skriv før det er der. Kanskje høyres det litt merkeleg ut, men eg trur verkeleg at det er Gud som svarar meg. Det fine er at eg kan skrive alt i ei bok, og seinare sjå tilbake på det. Og det aller beste er at eg faktisk ser meir av det Gud gjer og viser meg. Her er berre tre små utdrag frå tre dagar. Eg likar å sjå at Gud har litt humor, derfor skreiv eg to av dei. Ser du ikkje kor godt sagt det er? Kanskje fordi han eigentleg sa det til meg, og min hjerne er ein smule annleis enn din.

søndag 12. desember 2010

Førjulskos

Ja, no er det verkeleg jul på gang! Advendt er godt i siget, og no har til og med advendtskalenderen kome opp. Me bakar peparkaker og høyrer på julemusikk. Det med julemusikk har me gjort ei stund. Erling har flytta datamaskina si ned i stova (...) fordi det er så kaldt på rommet hans at ho ikkje verkar skikkeleg (...), og har vore julemusikkDJ dei siste 12 dagane. Ja då, både når han er der og ikkje.

No reiser eg snart til Skien. Eg gledar meg! Hilde, lukke til på eksamen! Roger, velkommen til Noreg! Ragnhild, takk for turen! Mor, herlege julekaker! Erling, takk for tipset! Håkon, Gud velsigne deg!

Førjulsvask

Litt her og litt der.

torsdag 2. desember 2010

Kjære trufaste lesar(ar)

finnes du? Eg ville berre seia at eg har hatt ein herleg kveld! Eg har sett litt film, Skypa i halvannan time, chatta litt med Roger, blitt invitert i bryllaup i Argentina, funne ut når eg skal til Tyskland (9.-23. januar), avtalt Skypedate med Hannah i morgon, blitt fortalt at det kanskje er ein god mogleik for å vera med billig til Skien neste sundag, har tenkt mykje på reising, og sist men ikkje minst Erling og Jens Kristian har sendt inn kalenderen sin til prøvetrykk og eg slepp å høyra meir "Johanna? Johanna!? Nett sjå her ... syns du sånn ... eller sånn?" Eg likar sånt, men det er grenser på når det er kjekt og slitsamt (Sånn cirka etter ei veke, med "sjå her" på verdens minste, ubetydelege detaljar, og når eg og kunstnaren ikkje er einige uansett. Erling, eg er veldig glad i deg!)

I morgon skal eg møta rektoren på Kvam Ungdomsskule og høyra om det er interessa for å ha meg som vikar, så det er kjempeskummelt. På fredag skal eg til Norheimsund barnehage att. Eg skulle òg prøvd å fått lagd den adventskalenderen eg fekk ansvaret for å laga til Erling og Knut.

God adventstid!


Her er eit siste skrik frå Cabarete forresten. Dette er dei postkorta eg fekk sendt, så eg må beklaga på det sterkaste til Mathilde, Christopher, Malin, Gunda og Cecilie. Postkorta gjekk i boset rett før eg reiste til flyplassen fordi eg ikkje hadde fleire frimerke, ikkje hadde pengar eg kunne gi til nokon og be dei kjøpa og senda, og var så dum at eg ikkje tenkte på at eg berre kunne senda dei når eg kom heim... Ganske lur, eg.